SAKSUTGREIING
Fylkesordføraren


Til Fylkestinget
Møtedato 09.09.97
Vår ref 6
Saksbehandlar Jens Peter Ringstad
Registrert av Kari Anne Sølvik

T-53/97 A
86E_25.gif
NORSK FJORDSENTER, GEIRANGER - INVITASJON TIL INNSKUDD AV AKSJEKAPITAL OG VIDERE SAMARBEID OM REALISERING AV PROSJEKTET.

Vedlegg.
Søknad datert 25.08.97.   

Uprenta vedlegg.
Tidlegare motteke prospekt, tekningar m.v.

Om saka.
Planane om eit nasjonalt informasjons- og opplevingssenter i Geiranger skriv seg tilbake til slutten av 1991. Ei styringsgruppe for "Geirangersenteret" tok den gong initiativ til å starte eit utgreiingsarbeid med sikte på å få etablert eit kulturhistorisk informasjons- og opplevingssenter der. "Geirangersenteret" har igjen sitt idègrunnlag frå tidlegare planar om eit veg- og skyssmuseum i Geiranger.

Norsk Fjordsenter AS vart skipa i 1993. Selskapet er ei direkte vidareføring av "Geirangersenterets" idèar og planar.

Bak Norsk Fjordsenter AS står lokale aktørar. Aksjekapitalen er for tida på kr 300.000. Styret har slik samansetjing: Lars Ramstad (leiar), Karl Mjelva, Tor Hole, Are Homlong og Harald Ekker.

Lasse Bræin, Møreforsking, Molde, er engasjert som prosjektleiar.

Opp gjennom åra har det vore lagt ned eit omfattande arbeid for å gje senteret ei best mogleg bygningsmessig utforming og fagleg innhald. Audiovisuelle verkemiddel og moderne teknologi skal takast i bruk for i størst mogleg grad å levendegjere informasjonen.

Norsk Fjordsenter AS` idè er å tilby ei opplevingsorientert utstilling med basis i tre hovudtema:
- fjordturar og naturhistorie
- kulturhistorie knytt til fjordgardane
- kommunikasjonar

Gjennom utstillinga skal effektfulle tablåer også formidle kunnskap om temaene på ein slik måte at dei besøkande får ei djupare og rikare forståing for lokalsamfunnet Geiranger og Nord-Vestlandet elles. For utstillinga er det lagt stor vekt på høgt fagleg innhald, samt spennande og informativ presentasjon. Fjordsenteret vil framstå som eit verdfullt supplement til musea i regionen.

Norsk Fjordsenter AS skal drivast på forretningsmessig basis.

Bakgrunn.
Geiranger sin sterke posisjon i norsk reiseliv har bakgrunn i den mektige fjorden, dei høge fjella, spennande vegar og særprega kulturlandskap. Saman gjer dette Geiranger til eit av Norges mest besøkte reisemål.

I mange av dei øvrige kjente reiselivsdestinasjonane i Norge er det etablert opplevingssentra som kva gjeld tema, innhald og eigar- og organisatorisk struktur er høgst ulike. Eitt fellestrekk går likevel igjen; dei inngår alle som ein del av den lokale, felles reiselivssatsinga med sikte på å auke talet på tilreisande. Med den attraktivitet desse sentra er meint å skulle ha, er målet å bidra til større besøkstal og auka bedrifts- og samfunnsøkonomisk verdiskaping.

Trass i Geirangers popularitet, er det også her behov for eit betre og breiare totalprodukt. Fjordsenteret vil verte eit attraktivt supplement til dagens opplevingstilbod. Særleg på dagar med dårleg ver vil det framstå som eit viktig opplevingstilbod. Det vil venteleg bidra til å styrkje dei noko svake "skuldersesongane" som reiselivsnæringa i Geiranger slit med.

Utstillinga.
Utstillinga skal vere samansett av tolv avdelingar med 51 ulike tablå. Den framstår som ei vandring i fjordlandskapet, vist i ei rekkje tablå. Turen startar ved ein geologimodell som skal levandegjere den naturhistoriske utviklinga av fjordlandskapet. Den går deretter til "kaia i Geiranger" med eit tidsbilete frå århundreskiftet. Vidare blir det vist ei sjøreise til ein strandgard. Deretter går turen opp i landskapet til Meåkneset, som har ei spesiell plassering under ein fjellhammar. Publikum får oppleve eit snøras før turen går vidare opp til ein hyllegard og deretter til seters. Her vert det mogleg å ta alternative vegar gjennom eit billedspel som viser årsvariasjonane i fjordlandskapet. Vandringa går deretter til fjells kor mylding av fjellvegen blir vist. Ut over dette vert bygginga av Geirangervegen, skyssbilmiljøet m.v. illustrert. Fjordsenteret skal ha eigen kinosal. Der skal film/video visast med naturen i og omkring Geiranger som tema.

Ulike teknikkar skal takast i bruk for å gjere utstillinga så interessant og rik på opplevingar som mogleg. Dei einskilde fagtema og visningsmetodane skal halde høg kvalitet.

Fylkeskommunens medverknad i det førebuande arbeidet med utstillinga.
Frå kulturavdelinga har fylkeskonservator saman med overarkitekt og geolog i nærings- og miljøavdelinga vore med i ei planleggingsgruppe for utstillinga ved Fjordsenteret. Planleggingsgruppa har assistert den engasjerte arkitekten Gudmundur Jonsson med faglege råd til temaval og utforming av tablå.

Arkitekt Gudmundur Jonsson er ein erfaren og dyktig arkitekt med røynsle mellom anna frå den norgeshistoriske utstillinga på Maihaugen ("Langsomt ble landet vårt eget") på 1200 m2. I forslaget til utstilling i Norsk Fjordsenter AS vidarefører han metoden frå Lillehammer med bruk av bygningsmiljø (eksteriør og interiør) i utstillingane. Jonsson har "lagt lista høgt" og planlagt ei utstilling som er avansert og har høg kvalitet i innhald og utforming.

Tilhøvet mellom Norsk Fjordsenter AS og musea i fylket
Norsk Fjordsenter AS vil etter vår vurdering gi positive ringverknader for regionen. Dette vil også gjelde musea i heile fylket, men særleg musea på Sunnmøre. Det ligg inne i planane for fjordsenteret at ein i samband med utstillinga, kan vise til stader eller tilbod i andre delar av fylket som er knytt til konkrete tema eller opplevingar i senteret.

Mange turistar kjem til Møre og Romsdal med Geiranger som "inngangsport". Gjennom eit besøk i fjordsenteret vil ein få nyttig informasjon for den vidare reisa i fylket.

Norsk Fjordsenter AS si utstillings- og formidlingsform vil vere så ulik det ein har av samlingar og tilbod på musea at vi ikkje ser nokon fare for at fjordsenteret vert ein konkurrent til musea. Venteleg vil heller fjordsenteret føre til større interesse for musea i regionen.




Kva fylkeskommunen kan tilføre i det vidare arbeidet
Fylkeskommunen stiller seg positiv til å halde fram med fagleg hjelp og rådgjeving i samband med utstilligsarbeidet.

I det vidare arbeidet med utforming og innhald av utstillinga, må fjordsenteret framleis basere seg på å leige konsulenttenester (utstillingsarkitekt m.v.). Fylkeskommunens rolle vil vere på konsultativ basis å medverke til kvalitetssikring av det faglege innhaldet og ved anna rådgjeving og deltaking i faggrupper/ressursgrupper.

Som det er nemnt i søknaden har Sunnmøre Museum kompetanse som kan vere verdfull i eit samarbeid om dette prosjektet. Musèet er ein sjølvstendig institusjon som sjølv tek avgjer om bruk av sine ressursar.

Investeringsplan.
Fjordsenteret er planlagt lokalisert til området Reitane, vis a vis Union Hotel AS. Bygget har ei grunnflate på 1.500 kvm, fordelt på 750 kvm utstillingar, 550 kvm kafeteria, souvenirbutikk, adkomst- og opphaldsareal, samt 190 kvm til kontor og lager. Storfjordens Venner får kontor- og lagerplass i bygget.

Fjordsenteret skal sjølv stå for opparbeiding av det nære utearealt, m.a. nærparkering for bussar og om lag 50 biloppstillingsplassar. Øvrig parkeringsareal, adkomst og tomt, er kommunens ansvar. Kommunen er no i gang med reguleringsarbeidet. Den har søkt samarbeid med Statens Vegvesen om opparbeiding og finansiering av gangveg frå sjøen og opp til fjordsenteret. Vegen skal framstå som ein opplevelsesrik vandring langs fossen og samstundes avlaste riksvegen for gåande.

Kapitalbehov.


Bygg og anlegg
25,0 mill. kr
Utstilling
7,0 mill. kr
Sum
32,0 mill. kr


Ut over dette er det føresett at institusjonar/organisasjonar utfører arbeid og gjev materiell til utstillinga til ein verdi av 5 mill. kr.

Finansiering.


Lån
15,2 mill. kr
Tilskot
7,8 mill. kr
Eigenkap/ansv. lån
9,0 mill. kr
Sum
32,0 mill. kr


Hittil ligg det føre tilsegner om lån på 15,7 mill. kr (bank/SND) og investeringstilskot på 6,0 mill. kr (SND). Etter EØS-regelverket kan prosjektet motta maksimalt 7,8 mill. kr i tilskot.

Med dei låne- og tilskotstilsegner som no ligg føre, har fjordsenteret behov for 10,3 mill. kr i eigenkapital/ansvarleg lån/ tilskot for å oppnå fullfinansiering.

Møre og Romsdal fylkeskommune er søkt om 1,9 mill. kr til medfinansiering av aksjekapitalen.

Driftsgrunnlag
Årleg vitjar meir enn 500.000 personar Geiranger, dei aller fleste turistar sommarstid. For Norsk Fjordsenter AS er det ingen føresetnad at dette talet skal måtte aukast. Fjordsenterets marknadspotensiale ligg i dagens trafikkvolum. Dei føresetnadene som er lagt til grunn for pris, kostnad, besøkstal og finansieringsstruktur, viser at fjordsenteret kan drivast med bedriftsøkonomisk lønsemd.

Fylkeskommunens prioriteringar av opplevings- og informasjonssentra.
Fylkestinget gjorde i sak T-19/94, "Sentra for informasjon, dokumentasjon og opplæring i Møre og Romsdal. - Prioritering", slikt samrøystes vedtak
:
"Møre og Romsdal fylkesting viser til dei vurderingar som er gjort i saka og gjer slik prioritering i høve til eventuet fylkeskommunalt engasjement:

I. Lokalt initierte prosjekt med behov for vesentleg privat og offentleg finansiering på etableringstidspunktet:
1. Atlanterhavets Akvariepark
2. Norsk Fjordsenter AS
3. Bud-Ergan kystmiljøsenter

Dersom Norsk Fjordsenter AS som kommersielt prosjekt kan realiserast utan vesentleg fylkeskommunal medverknad, må ikkje prioriteringslista vere til hinder for det.

II. Lokalt initierte prosjekt med behov for (moderat) privat og offentleg finansiering av ei gradvis oppbygging av delprosjekt over fleire år:
1. Kystkultursenteret i Vågen

III. Prosjekt som sentrale styremakter står bak og der finansieringa vil skje med statlege midlar:
1. Ivar Aasen-Senteret".

Norsk Fjordsenter AS er eit prioritert prosjekt både i Kulturpolitisk Strategplan for Møre og Romsdal og Reiselivsplanen/Strategisk næringsplan for Møre og Romsdal.

Vurdering og konklusjon.
Norsk Fjordsenter AS skal framstå som eit nasjonalt informasjons- og dokumentasjonssenter innanfor sine tematiske område. Det er lagt vekt på høgt fagleg innhald og spennande og informativ presentasjon.

Den lange planprosessen og det grundige plandokumentet som no ligg føre, er eit forsvarleg grunnlag for realisering av prosjektet.

Trongen for eit kvalitativt godt opplevingssenter i Geiranger er klart til stades. Med si sterke tematiske forankring i Geiranger, framstår Fjordsenteret som eit naturleg element i reiselivssatsinga der. Ut over dette vil Fjordsenteret ha stor og positiv regional verknad. Den løysinga som er valt, både for bygning og utstilling, har på ein framifrå måte makta å imøtekome kravet om høg fagleg og kulturhistorisk standard med ei presentasjonsform som imøtekjem kravet om bedriftsøkonomisk lønsemd.

Styret i Norsk Fjordsenter AS er no inne i sluttfasen for fullfinansiering av kapitalbehovet. Eit fylkeskommunalt engasjement blir sett på som viktig både ut ifrå ein rein finansiell synstad og i høve til andre moglege finansielle aktørar.

Med bakgrunn i dei finansieringstilsegna som til no ligg føre, m.a. lån og investeringstilskot frå SND, bør ein eventuell aksjekapital frå fylkeskommunen avgrense seg til kr 1.000.000. Den samla aksjekapitalen må vere minst så stor at fylkeskommunen som aksjonær ikkje kjem i majoritetsposisjon.