SAKSUTGREIING
Fylkesordføraren


Til Fylkestinget
Møtedato 27.06.2005
Vår ref ecblank.gif
Saksbehandlar ecblank.gif
Registrert av CN=Mathea Bjørkhaug/O=MRFYLKE

T-68/05 A
868_1393.gif
STATKRAFT SF - 420 kV-KRAFTLEDNING TJELDBERGODDEN -TROLLHEIM - TILLEGGSSØKNAD OM KONSEKVENSUTGREIING (KU) - FRÅSEGN TIL HØYRING

Bakgrunn for saka:
Statnett SF har tidlegare lagt fram KU for kraftoverføringsleidning frå Tjeldbergodden til Trollheim stasjon i Øvre Surnadal. Tiltaket er ein konsekvens av at det søkt konsesjon for gasskraftverk på Tjeldbergodden, og realisering er avhengig av om gasskraftverket blir bygd.

På bakgrunn av merknader i den tidlegare høyringsprosessen, m.a. frå Møre og Romsdal fylke (sak U-125/04) vart det frå NVE reist krav om tilleggsøknad og KU for fleire linjealternativ. Det er denne tilleggssøknaden som no ligg føre. NVA har hatt opne møte om utgreiinga i dei fire kommunane tilleggssøknaden gjeld (Aure, Halsa, Surnadal, Hemne).

Tilleggsmeldinga tek Møre og Romsdal fylke si fråsegn til følgje gjennom utgreiing av eit nytt, austleg linealternativ frå startpunktet på Tjeldbergodden og sørover i retning Vinjeøra. I tillegg er det, på bakgrunn av andre fråsegner utgreidd eit vestleg alternativ frå Tjeldbergodden. Dette krysser Dromnessundet over til Skardsøya, deretter sørover mot eit kryssingspunkt lenger vest i Vinjefjorden og vidare gjennom vestre delar av Nordmarka langs eksisterande linetrasé. Meir detaljerte kart er vedlagde.

Sak U-125/04 er ikkje vedlagt, men til generell orientering er det verdt å gjenta følgjande:

Kraftmastene vil ha høgd varierande mellom 16 og 24 meter til underkant av travers. Traversen er omlag 20 m brei. Byggeforbodssona vil vere omlag 42 meter, aukande til over 70 meter der lina førast parallellt med eksisterande 132 kV-line. Same breidde vil måtte ryddast for skog der ikke topografien gjer avvik mogleg. Gjennomsnittleg vil det vere 3 master pr. kilometer, type portal stålmast med innvendige bardunar. Beltegåande køyrety vil bli brukt i anleggs- perioden, men det meste av transporten og lagringa vil gå føre seg langs eksisterande skogsvegtraséar.

Med utgangspunkt i den forrige KU-prosessen tilrådde Møre og Romsdal fylke alternativ 3.1 sørover frå Sjølisetra framfor 2.0. Dei nye alternativa er derfor sett opp mot 3.1. Alternativ 2.0. vil framleis vere frarådd frå vår side.

Om innhaldet i utgreiinga:
På same måte som i den opprinnelege KU, ligg det føre separate fagrapportar for fleire av dei konflikttema som er utgreidd: Landskap, kulturminne og kulturmiljø, friluftsliv, hjortevilt, flora og fauna, landbruk. Delrapportane er samanfatta i hovudrapporten. Det er ikkje funne grunn til ytterlegare vurderingar av kraftforysningssituasjonen. Her er tidlegare analyse gjeldande for alle alternativa.

Landskap:
Fagrapport er utarbeidd av Asplan Viak, som også hadde den forrige analysen. Det er vist eit eige temakart gradert etter dei analyserte landskapsverdiane. Det er likeeins presen­tert manipulerte stillsfoto frå ulike punkt langs dei nye traseane.

Som landskap med stor verdi er peikt på Vinjefjorden krysser, og der konsekvensane ved kryssing er vurdert som store. For Torsetsundet/Årvågsfjorden er situasjonen tilsvarande, men det austlegaste alternativet (4.0) krysser ikkje desse fjordane.

Stor landskapsverdi er også gitt eit område sør for Vinjefjorden, med Engdalen og fjell­partiet over mot Bøverdalen på grensa mellom Halsa og Surnadal. Alternativ 6.1/6.0 som er det vestlege linealternativet, følgjer dette området på langs og konsekvensane er vurdert som store til middels store.

Stor til middels landskapsverdi er tillagt landskapet som ligg vest for Klakkanområdet i Aure og mellom Torsetsundet og Vinjefjorden. I nord vil alternativ 6.1/6.0 krysse Aurdalen og Storvasslifjellet på tvers av naturlege landskaps- formar. I sør fell lina saman med eksisterande 132 kV-linje. Dei negative konsekvensane er vurdert som store til middels store for dette landskapsområdet samla.

Tilsvarande vil alle alternativ der 4.0 inngår påverke store til middels store landskapsverdiar der det følger vestkanten av Rennsjøen. Dei negative konsekvensane av tiltaket blir vurdert som store, men med høve til å redusere noko gjennom fargesetjing av leidningane der dei går langs sjøen.

Kulturminne og kulturmiljø:
Fagrapport er utarbeidd av Norsk institutt for kulturminneforsking, NIKU. Det er gjort registrering av kulturminne og kulturmiljø langs dei nye lineforslaga. Kulturminna er vurdert i forhold til ulike verdiklassar, og konsekvensar av omsøkte tiltak for desse verdiane er vurdert. Av alle registrerte kulturminne er berre Bjørksetrin (Hemne) og setermiljøet i Todalen (Aure) vurdert som svært verdfullt. Alternativ 6.1/6.0 passerer sistnemnde, men konsekvensen av dette vert vurdert som middels negativ. For Kjørsviksetrin isolert, som ligg ved Rennsjøen, vil alternativ 4.0 vere svært negativt. Kulturminneverdien er vurdert som middels til stor. Samla sett vil alternativ 6.1/6.0 gi små negative konsekvensar, medan alternativ 4.0 gir middels negative konsekvensar. Sistnemnde konklusjon er basert på at alternativ 4.0 vert valt heilt sør til Vinjefjorden. For parsellen frå Årvågsbrekkå (Middagsfjellet) og sørover, vil alternativet 5.0 redusere desse konsekvensane.

Det er særskilt gjort merksam på manglande registreringar og at nye funn av eldre kulturminne kan påverke konklusjonane. I den samanheng viser vi særskilt til avsnittet om kulturminne og kulturmiljø under ”Vurderingar”

Friluftsliv
Fagrapport er utarbeidd av konsulentfirmaet Sweco Grøner. Som i tidlegare utgreiing er friluftsinteressene vurdert i tre atskilte område; nord for Årvågsfjorden, mellom Årvågs­fjorden og Vinjefjorden, og mellom Vinjefjorden og Surnadal.

Det første - og minste - av desse områda ligg på Skardsøya og Nordlandet (Aure og Hemne). Området er viktig lokalt og har få tekniske inngrep. Rennsjøen er drikkevass­kjelde som legg føringar for type bruk. Verdien for friluftslivet samla er vurdert som middels.

Mellom Årvågsfjorden og Vinjefjorden er eit større - tildels urørt - fjellområde. Dette inkluderer hovudutfartsområda for Hemne (i aust) og Aure (i vest), inklusiv viktige hytteområde. Området har elles ein større, regional bruksverdi med KNT si fjordrute, mange turstigar og trimbøker utlagt. Med unnatak for dei aller austlegaste areala er verdien vurdert som stor til svært stor.

Det sørlegaste området er også det største. Det femner store fjellparti og lågare skogs­område med Bøverdalen skjerande tvers gjennom i vest-austretning. Her er eit nettverk med løyper og turisthytter, og fjordruta til KNT krysser også her. Den sørlege delen nemnast Nordmarka og er eit særs viktig hytteområde, i tillegg til kulturland- skapsverdiane som finst der. Også dette arealet har regional bruk, og verdien vert vurdert som stor (nordlege del) til svært stor (Nordmarka)

Dei negative konsekvensane av alternativ 4.0 mellom Tjeldbergodden og Eidsfjellet er vurdert som middels til store. Det er kryssinga/delinga av det regionalt viktige området mellom Årvågsfjorden og Vinjefjorden som påverkar konklusjonen mest. Dersom ein vel alternativ 5.0 gjennom dette arealet, vert konsekvensane redusert til små/middels negative. Vurdering av alternativ 6.1/6.0 gir store til middels negative konsekvensar.

Flora og fauna
Fagrapportar er utarbeidd av Miljøfaglig utredning (flora og fauna generelt) og Sweco Grøner (hjortevilt spesielt). Det er gjort ei kartlegging av viktige viltbiotopar og vegetasjonsområde langs lineforslaga. Likeeins er trekkvegar og vinterbeiteområde for hjort og elg kartlagde. Områda er kategoriserte etter estimert verdi (svært viktig, viktig, lokal). Temakart viser at austlege alternativ klart rører ved fleire viktige flora- og faunabiotopar enn alternativ 6.1/6.0 i vest. Dette gjeld også med omsyn til hjorteviltet.

Konsekvensane er større for fauna enn for flora, noko som sjølvsagt heng saman med kollisjonsfare og barriereeffekt. Vidare vil aktivitet i anleggsfasen påverke faunaen negativt. Flora blir påverka på det einskilde mastepunkt, gjennom nyetablering av transporttraséar og i hogstbeltet langs linja.

For alternativ 4.0 sør til Vinjefjorden (Eidsfjellet) er dei negative konsekvensane for fauna rekna som middels til store. Alternativet 5.0 for delar avstrekninga reduserer konsekvensane til middels. Men frå tidlegare analyse er det klart at 3.1 gjennom Kårøydalen har middels- til store negative konsekvensar. Dette påverkar konklusjonen for heile det austlege alternativet, og summen av dette blir store negative konsekvensar for kombinasjonen 4.0/3.1 men noko mindre for kombinasjonen 4.0/5.0/3.1. Konflikter er i stor grad knytt til viktige hekke- og trekkområde for sårbare fugleartar. For floraelementet isolert er konfliktane noko mindre.

Alternativ 6.1/6.0 får middels til store negative konsekvensar. Også her er konklusjonen i stor grad grunngitt med kollisjonsfare og påverknad i høve til sårbare fugleartar.

For hjortevilt vil ingen av traséane medføre meir enn små konsekvensar. Desse er i stor grad knytt til anleggsperioden. Både for hjortevil og anna vilt kan ein del av konfliktane løysast gjennom avbøtande tiltak.


Urørte naturområde, verneområde
KU held dei ulike alternativa saman med Direktoratet sin registreringar av urørte naturområde (INON), og klargjer konsekvensar i form av bortfall av slike område. Ingen område langs traséane ligg lenger unna større tekniske inngrep enn 5 km. Dei andre INON-sonene gjeld 1-3 km og 3-5 km. Det er sett opp eit arealrekneskap for ulike kombinasjonar av alternativ.

Alternativ 6.1/6.0 framstår totalt som det beste alternativet med omsyn til inngrepsfri natur. Dette heng saman med at lina for ein stor del følgjer eksistrande 132 kV-line. Når det gjeld dei andre alternativa er det naturleg å sjå arealet sør for Vinjefjorden for seg. I dette området vil verken 6.1/6.0 eller 3.1 påverke INON-sonene vesentleg, medan 2.0 deler ei 1-3 km sone i to med tilsvarande bortfall av INON-areal på begge sider av lina.

Nord for Vinjefjorden er fleire kombinasjonar utgreidd, og biletet er tilsvarande komplisert. Frå endepunktet på Tjeldbergodden vil alternativ 2.0 gi små konsekvensar fram til Sjølisetra i Bakkdalen (Aure). Alternativ 4.0 vil redusere arealet i sone 1-3 km både nord og sør for Årvågsbrekka. Dette gjeld anten 4.0 møter 2.0 på Sjølisetra eller om 4.0 vert ført vidare sørover mot 3.1 ved Vinjefjorden (Eidsfjellet). For sistnemnde vil det også vere bortfall av areal i sone 3-5 km. Delar av dette arealet ligg i Møre og Romsdal. Dersom alternativ 5.0 vert valt frå Årvågsbrekka og sør til Eidsfjellet vil denne ulempen bli betydeleg redusert utan tilsvarande auke i ulemper på Trøndelagssida.

Når det gjeld verna natur vil alternativ 6.1/6.0 krysse Todalsvassdraget i Aure, som er eit varig verna vassdrag, men parallelt med eksisterande inngrep. I Aurdalen tangerer lina Aure naturreservat (skog). Alternativ 6.1/6.0 kryssar vidare Høgmyran naturreservat i Nordmarka, dels overlappande med eigedomen Vaulen som er sikra som offentleg friluftsområde. Alternativ 2.0 kryssar også Vaulen men ligg berre i randsona til Høgmyran.

Landbruk
Fagrapport er utarbeidd av Sweco Grøner AS. Dei konkluderer med at skogområda mellom Tjeldbergodden og Middagsfjellet (strekninga 4.0 nord for Årvågsfjorden) samla sett er av middels verdi for skog og jordbruket. Øvrige areal langs austleg trasé rører ikkje ved jordbruksinteresser i Møre og Romsdal, med unnatak av nedføringa mot Surnadal, som er utgreidd tidlegare.

Alternativ 6.1/6.0 krysser plantefelt på begge sider av Torsetsundet og område med høgbonitets naturskog både i Aurdalen og i Todalsområdet. Leidninga rører berre ved små jordbruksareal.

Konsekvensane av inngrep er vurdert som små negative for alternativ 6.1/6.0. Kombinasjonen 4.0/3.1 vil gi middels negative konsekvensar for landbruket samla. Dei viktigaste konfliktane her er knytt til Kårøydalen og 3.1-alternativet. Kombinasjonen 4.0/2.0 vil berre gi små negative verknader for landbruket. Traséen 5.0 rører ved viktige skogsområde i Hemne. Dersom denne blir inkludert i kombinasjon med 4.0/3.1, vil konsekvensnivået bli middels til stort.

Nærføring, helse
Ei alternativ kryssing av Dromnessundet i Aure er skissert i KU, men dette alternativet er ikkje nærare utgreidd på grunn av nærføring til fleire bustadhus og gardar. Vi har ikkje merknader til dette.
blir påverka er fastsett for alle alternativa, og gradert etter avstand frå senterlina. Næraste bustad uansett alternativ er 60 meter. Dette gjeld to hus i alternativ 6.1/6.0 og to hus i 4.0/2.0. Eit lite tal fritidsbustader ligg nærare (1-3 pr alternativ) unnateke alternativ 6.1/6.0, der det ikkje ligg fritidsbustader.

Utgreiinga gir ei lengre utgreiing om metodar for måling av og risiko knytt til stråling frå høgspentliner, men konkluderer ikkje med nokon tilråding av eitt av alternativa.

Det er vidare gjort skildringar av støy, konsekvensar for luft- og skipstrafikk, forsvarsinteresser, kommunal økonomi og verdiforringelse av eigedom. Ingen av desse skildringane konkluderer med konkrete tilrådingar.

Vurderingar:
Generelt
Vi har ikkje funne grunn eller tid til detaljerte vurderingar av datagrunnlag og prioriteringar som er lagt gjennom fagrapportane. Så langt vi er i stand til å sjå, er dei ulike fagmiljøa og metodane dei har nytta godt innarbeidde og aksepterte gjennom tilsvarande utgreiingar i fleire andre samanhengar. Vårt besluttingsgrunnlag er såleis dei konklusjonar som kjem fram gjennom det samla settet av fagrapportar, og den samanfattinga som er gjort i KU-dokumentet.

Landskap
Ut frå dei framlagde resultata er det naturleg å frarå alternativ 6.1/6.0, som har stor påverknad på store til middelsstore landskapsverdiar langs store delar av strekninga. Ei saman­likning av alternativ 4.0 og 2.0 på strekninga mellom Tjeldbergodden og Sjølia (der dei fell saman) inneber å sette kryssing av Årvågsfjorden opp mot lineføring langs Rennsjøen. Sidan Årvågsfjorden er svært viktig som innfallsport til Aure, med utsynsplass mv. vil vi tilrå alternativ 4.0 så langt det gjeld landskap.

Alternativ 4.0 deler seg ved Middagsfjellet der det krysser Årvågsbrekkå. Fram til dei møtest att rett nord for Vinjefjorden er 5.0 eit alternativ lengst aust. Dette alternativet vil i mindre grad fragmentere naturlandskap enn 4.0. på same strekninga, men begge desse ligg i Hemne/Sør-Trøndelag og vi finn det av den grunn ikkje naturleg å kome med noko ytterlegare tilråding.

Kulturminne og kulturmiljø
Vi har fått tilsendt grunnlagmaterialet, dvs. oppdragsrapporten i frå NIKU. I Møre og Romsdal rører tiltaket ved dei fire kommunane Rindal, Surnadal, Halsa og Aure. Berre kjente automatisk freda kulturminne i Surnadal og Halsa er registrert i ØK-registeret. Som påpeikt i utgreiinga er det vanskeleg å få godt oversyn når registreringane er mangelfulle. Det er frå før gjort lite arbeid i høve til eldre kulturminne i utmark/skog og i fjellområda. Men mange kulturminne i form av fangstanlegg, tjærehjeller, kolmiler m.v. er innrapporterte utan at vi har hatt kapasitet til å følgje opp med nærare undersøkingar. Traséforslaga dekkjer altså område der vi har dårleg kjennskap til kulturminna, men der vi har dekning for å tru at det er eit stort potensiale. Siste års registreringar i Rindal og Surnadal har mellom anna vist at det har vore stor aktivitet i utmarka, knytt til fangst, kol-, jarn- og tjøreproduksjon m.v.

Ut frå desse føresetnadene synest kulturavdelinga at vurderingane for tema kulturminne og kulturmiljø i KU stort sett er gode. Vi meiner at krava i KU-programmet er oppfyllde med tanke på dei automatisk freda kulturminna.

Vi vil likevel peike på at ein til dømes for Ulvsnes gard (Gnr 59 i Aure) har trekt konklusjonar utan referanse til Topografisk arkiv. Fagrapporten (KU) si vurdering er at ”Ingen kilder tyder på at gården har stor tidsdybde.” I Topografisk arkiv finn ein derimot opplysingar om flintfunn, gjenstander frå middelalder og gravrøysar. Ulvsnes er såleis ein gard som må reknast som busett i jarn- og middelalder, samt at der er potensiale for funn frå steinbrukande tid. Vi slår derfor fast at referanse til Topografisk arkiv er heilt nødvendig i kommunar der det ikkje ligg føre ØK-registreringar.

Vi har i tillegg opplysningar blir lagt fram for Samisk kulturminneråd, og ber om at den vert sendt dit.

Momenta ovanfor er ikkje utslagsgivande for vår vurdering av KU, men jamfør § 9 i kulturminnelova finn vi grunn til å stille vilkår om nye arkeologiske undersøkingar. Undersøkingane vil gjelde heile eller delar av den traséen som vert valt, mellom anna i samband med mastefeste og andre fysiske inngrep. Dette kan eventuelt gjennomførast i 2005/2006. Dersom planlagde fysiske inngrep er i direkte konflikt med automatisk freda kulturminne må det avklarast kva tiltak som skal setjast i verk, eller det må søkast dispensa­sjon jamfør Kulturminnelova § 8.1, første ledd. Dette må som hovudregel avklarast innan arbeid vert sett i gang. I særskilde tilfelle der kulturminnestyresmakta (Møre og Romsdal fylke) finn det gunstig, kan det likevel i saker etter Energilova gis rom for at undersøkingar etter §9 vert avslutta etter konse­sjonsvedtaket.

Registreringane vil bli konsentrert om fjordkryssingane, busettingsområda og stølsområda, og det vil bli søkt etter ikkje registrerte kulturminne knytt til utmarksbruk, skog og fjell, jamfør ovanfor.

Ut frå ovanståande vil vi pålegge vilkår for konsesjon, jamfør konklusjon/vedtak nedanfor.
Nærare uttale vert gitt etter desse registreringane. Kulturavdelinga har ikkje funne grunn til å prioritere mellom alternative ut ifrå den kunnskap vi har i dag. Generelt vil vi be om ein i størst mogleg grad ryddar opp i område med fleire eldre traséar ved å sanere/ slå saman trasear.

Av dei registrerte kulturminna frå nyare tid er både alternativ 4.0/2.0 og alternativ 6.1/ 6.0 vurdert som lite negative med omsyn til kulturminne frå nyare tid. Ut over det kan vi ikkje samla sett prioritere kva alternativ som er det beste før alle registreringane (frå automatisk freda kulturminne) ligg føre.

Friluftsliv
Ut frå friluftsomsyn finn vi grunn til å frarå alternativ 6.1/6.0. Alternativet følgjer eksi­ster­ande 132kV-line langs store delar av strekninga, men det nye tiltaket vil medføre vesent­leg større dimensjon i inngrepet, og dermed auka barriere- og fragmenterings­effekt. Det er elles naturleg å knyte attraksjonsverdien i landskapet til friluftsinteressene. Dette vert stadfesta gjennom at dei to fagrapportane stør kvarandre på vesentlege punkt. Alternativ 2.0 ser vi som uaktuelt jamfør tidlegare fråsegn.

Flora og fauna
Fagrapporten tilrår alternativ 6.1/6.0 ut frå at dette inneber parallellføring med eksi­ster­ande line over store delar av strekninga. For vår del vil vi kommentere at alternativet 4.0/5.0/ 3.1 også er parallellført på den strekninga som ut frå fagrapportane framstår som mest konfliktfyllt for viltet.


Urørte naturområde, verneområde
Alternativ 6.1/6.0 og kombinasjonen 4.0/5.0/3.1 framstår som nokolunde likverdige i forhold til desse interessene. Førstnemnde medfører mindre bortfall av INON-areal, men rører samstundes ved fleire verneareal. Andre alternativ bør frarås.

Landbruk
Ut frå landbruksinteresser er konfliktnivået samla sett minst for alternativ 6.1/6.0, medan alternativ som inkluderer 5.0 og 3.1 bør frarås.

Andre samfunnsinteresser:
Her er ikkje gitt grunn til å konkludere med eitt alternativ.

Konklusjon
Saka blir lagt fram for fylkesutvalet med følgjande framlegg til
v e d t a k:


1.    Med dei merknader som kjem fram av saksutgreiinga finn vi at konsekvensutgreiinga tilfredsstiller dei krava som utgreiingsprogrammet fastsette.

2.   Ut ifrå ei samla vurdering av konfliktnivåa innan ulike interessefelt vil vi, jamfør tidlegare fråsegn på det sterkaste frarå alternativ 2.0. I valet mellom dei andre forslaga vil vi særskilt vise til at alternativ 6.0 framstår som klart mest konfliktfyllt i høve til landskap, estetikk og friluftsliv. Kombinasjonen 4.0/5.0/3.1 gir mindre konseskvensar for urørte naturområde, verneområde, flora, fauna og landbruk enn 6.1/ 6.0, men forskjelen er etter vår vurdering ikkje vesentleg. Samla sett finn vi derfor grunn til å frarå 6.0.

3.    I den utstrekning sluttalternativet rører ved areal i Møre og Romsdal fylke vil vi stille følgjande vilkår for konsesjon, heimla i Kulturminnelova § 9:

   Det skal gjennomførast arkeologiske registrering i område der det er potensiale for automatisk freda kulturminne, jfr.Kulturminnelova § 9. Tiltakshavar må, jfr. § 10 same lov, dekkje kostnadane ved ei slik registrering. Registreringar er aktuelt i samband med trasè og mastefeste, samt anleggsvegar, riggområde og andre inngrep i terrenget.

4.    Vi ber i tillegg om at saka blir lagt fram for Samisk kulturminneråd.



Ottar Brage Guttelvik
fylkesdirektør



2 Vedlegg:
- Kart som viser dei utgreidde alternativa.
- Samandrag av konsekvensar/konsevensmatrise