SAKSUTGREIING
Fylkesordføraren


Til Fylkestinget
Møtedato 01.04.97
Vår ref ecblank.gif
Saksbehandlar ecblank.gif
Registrert av Mathea Bjørkhaug

T-62/97 A
858_89.gif
FORLENGING AV RAUMABANEN TIL ÅLESUND - UTGREIING UTFØRT AV JARNBANERÅDGJEVAR JØRG WESTERMANN, ÅLESUND

Tidlegare førehaving i fylkeskommunale styringsorgan

I ei sak til samferdselsutvalet sitt møte 7. juni 1995 gjorde samferdselssjefen greie for kontakt med NSB om ei utgreiing i NSB-regi av spørsmålet om ei forlenging av Raumabanen til Ålesund.

I den same saka vart eit tilbod frå jarnbanerådgjevar Jørg Westermann, Ålesund, lagt fram og kommentert.

Samferdselsutvalet vedtok følgjande tilråding til fylkesutvalet:

   "1.   Samferdselsutvalet tek orienteringa om NSB si planlegging av ei opprusting/forlenging av Raumabanen til vitande.

   2.   Utvalet finn det rett å vente på NSB si utgreiing før fylkeskommunen eventuelt engasjerar konsulent i arbeidet med å fremje prosjektet overfor sentrale styresmakter.

   3.   Samferdselsutvalet reknar med å bli halde løpande orientert om plan-legginga av ei opprusting/forlenging av Raumabanen.

   Dersom den lova rapporten ikkje ligg føre slik som lova i løpet av sommaren 1995, bed utvalet samferdselssjefen om å etterlyse saka."

Eit framlegg om å engasjere Jørg Westermann til ei utgreiing - slik han hadde bode seg til å gjere - vart nedstemt (mot 1 røyst) under prøverøysting - og seinare trekt.

Saka gjekk deretter til fylkesutvalet som i møte 3. juli 1995 gjorde slikt samrøystes vedtak:

   "1.   Fylkesutvalet tek orienteringa om NSB si planlegging av ei opprusting/forlenging av Raumabanen til vitande.

   2.   Fylkesutvalet finn det nødvendig at ein alt no kjem med innspel frå Møre og Romsdal til NSB sitt plan-leggingsarbeid om opp-rusting/forlenging av Raumabanen.
   Fylkesutvalet vedtek å engasjere jarnbanerådgjevar Jørg Westerman som konsulent og godtek hans tilbod alt. 2 - til ein samla kostnad på kr 84.000. Fylkesutvalet føreset at Ålesund kommune tek sin del av kostnadene med minst kr 28.000."

Ålesund kommune vedtok på si side å løyve sin del, kr 28 000, av kostnadene til utgreiingsarbeidet (jfr punkt 2 siste setning i fylkesutvalet sitt vedtak).

I sak U-153/95 A møte 18. september 1995 vedtok fylkesutvalet å løyve kr 56 000 til utgreiinga.

Fylkeskommunen og Ålesund kommune har seinare inngått formell avtale med Jørg Westermann om utføring av og betaling av utgreiingsarbeidet.


Utgreiingsrapporten "Jarnbane til Ålesund" av Jørg Westermann

Rapporten m v vart motteken på samferdselsavdelinga 16. desember 1996. Dette var seinare enn avtalt, noko vi ikkje fann å ville reise innvendingar mot. Fylkeskommunen har for sin del betalt mottekne fakturaer frå Westermann i samsvar med inngått avtale.

Utgreiinga ligg føre som ei omfattande (151 sider), grundig og tiltalande trykksak.

./.   Som vedlegg har vi teke med desse kapitla frå utgreiinga:

*   Føreord
*   Innhald
*   Samandrag

Av dette materialet kan følgjande svært grove tal og hovudtrekk i utgreiingsrapporten trekkjast ut:

*   Det er utarbeidd planar for ein ny høgfarts-jernbane mellom Åndalsnes og Ålesund sentrum.
*   Det er rekna med 4 nye stasjonar: Vestnes, Skodje, Spjelkavik og Ålesund.
*   Den noverande banen Dombås - Åndalsnes blir ombygd til - eller i praksis fullt ut erstatta av - ein ny jernbanetrasè for høgfartstog. Rapporten inneheld planar også for denne strekninga.
*   Investeringa Dombås - Ålesund er kalkulert (standardkalkyle) til 7 340 millionar kroner (7,34 milliardar).
*   Under føresetnad av tilsvarande opprusting til høgfart av banestrekninga Oslo-Trondheim, er det rekna med ei reisetid på 2 1/2 time Ålesund - Oslo for snøggaste persontog og 1 t 55 minuttar Ålesund - Trondheim.
*   For godstransport er det rekna med ei framføringstid Ålesund - Oslo på 4 1/2 time - og til langt lågare pris enn med lastebil.
*   Det er rekna med at persontogtrafikken vil bli minst 10 gonger så stor som på Raumabanen i dag (som i 1996 frakta om lag 100 000 passasjerar).
*   Den store auken i togtrafikken vil vi få gjennom ein sterk overgang frå fly til tog, og frå privatbil til tog. Men flyplassane i Møre og Romsdal vil ikkje vere truga av driftsstans, særleg fordi der vil bli igjen trafikk sørøver og nordover på kysten.
*   Der er også rekna med ein omfattande regional togtrafikk (t d Spjelkavik - Vestnes).
*   Det er rekna med ei godsmengd med toget på om lag 1 million tonn årleg (Raumabanen 1995 litt over 200 000 tonn).
*   Det er rekna med svært høg rutefrekvens for persontoga Ålesund - Oslo. Det første morgontoget vil gå frå Ålesund om lag kl 0530, og dei neste om lag kl 0700 og kl 0830.
*   Billettprisen Ålesund - Oslo (ordinær fullpris vaksen) er rekna til høvesvis kr 645 og kr 1 068 på 2. og 1. klasse.
*   Det er rekna med at investeringskostnadene på 7,34 mrd kr skal kunne finansierast ved låneopptak (som Gardermobanen). Når det gjeld lønsemda er konklusjonen slik: "Driftsoverskotet frå gods- og persontrafikken vil etter alt å døme vere tilstrekkeleg for å dekkje rentene og avdraga i sin heilskap" (8% rente - 2% inflasjon - 25 års nedbetalingstid). Konklusjonen er vidare slik: "Jarnbanen til Møre og Romsdal vil såleis kunne finansierast uavhengig av offentlege løyvingar og vil ikkje utsetje eller fortrenge andre viktige investeringar i jarnbanen."

Jernbanepolitikken - sett frå regionalt og sentralt nivå

Fylkeskommunen sitt syn på jernbanen si rolle i samferdselssystemet blir trekt opp i diverse vedtak og planar. I samferdselsplanen for fylket for perioden 1997-2000 - slik denne vart vedteken i fylkestinget i desember 1996 - står det følgjande om ei mogleg forlenging av Raumabanen til Ålesund:

   "Fylkestinget har bede om å få utgreidd spørsmålet om ei eventuell forlenging av Raumabanen til Ålesund, eit prosjekt som lausleg er stipulert til å kome på over 2 milliardar 1996-kroner. NSB går i utkastet til Norsk Jernbaneplan 1998-2007 inn for å skrinleggje planane om ei slik forlenging."

   Det synest lite aktuelt å forlenge Raumabanen til Ålesund. Signal frå NSB og vedtak i Samferdselsdepartementet og i Stortinget vil vere avgjerande."

Staten sin jernbanepolitikk blir trekt opp av regjering og storting i ymse meldingar og innstillingar/vedtak.

Regjeringa la våren 1996 fram St. meld nr 32 (1995-96) "Om grunnlaget for samferdselspolitikken". Her heiter det m a om den framtidige statsinga på jernbanetransport:

   "Jernbanetransport vil generelt være mindre konkurransedyktig i forhold til andre transportmidler i store deler av Norge sammenlignet med land i Europa med sterke befolkningskonsentrasjoner. Disse landene står som nevnt overfor helt andre kapasitetsproblemer i de konkurrerende transportmarkedene, spesielt i veg- og lufttrafikken. Ut fra det befolkningsmessige og økonomiske grunnlaget i Norge vil Regjeringen i kommende planperiode prioritere utbedring og innkorting av eksisterende jernbanenett og satse på utbygging av jernbane for hastigheter inntil 200 km i timen."

I St. meld nr 32 - og behandlinga av denne i Stortinget - har regjeringa og stortinget trekt opp hovudretningslinene for samferdselspolitikken i åra framover.
Denne meldinga vil våren 1997 bli etterfølgd av sektorplanar for jernbane (Norsk Jernbaneplan - NJP), luftfart (Norsk Luftfartsplan - NLP) og veg (Norsk Veg- og Vegtrafikkplan - NVVP). Det er venta at jernbaneplanen vil bli lagt fram om få dagar, og at den vil bli behandla av stortinget i vårsesjonen 1997.

Etter det som står i St. meld nr 32 - og etter andre "signal" å døme - synest det lite realistisk å rekne med at NJP vil innehalde planar om satsing på bygging av nye jernbanestrekningar og utbygging av noverande jernbanetrasèar for høgfartstog. Eit mogleg unntak kan bli Ringeriksbanen (innkorting av Bergensbanen).


Fylkesrådmannen sine merknader og tilråding

Denne saka blir - etter samråd med fylkesordføraren - lagt fram for fylkesutvalet utan føregåande handsaming i samferdselsutvalet.

Ein må bli imponert over den arbeidsinnsats, den grundigheit og den generelle og spesielle kunnskap som på mange måtar ligg bak Jørg Westermann si utgreiing.

I utgreiinga er ein ny jernbanetrase Åndalsnes - Ålesund planlagd samstundes som noverande trasè Dombås - Åndalsnes er foreslått ombygd til høgfartstog. Dette vil koste til saman om lag 7,34 milliardar kroner.

Ein heilt avgjerande føresetnad for dei vidare prognosar for reisetid, trafikk og økonomi er at Dovrebanen Oslo -Trondheim blir opprusta til tilsvarande standard. Dette føreset i praksis at det blir bygd ein heilt ny jernbane Oslo -Trondheim. Kva dette vil koste kan vi ikkje finne noko om i Westermann sin rapport. Men det vil sjølvsagt dreie seg om eit stort tal milliardar kroner, som kjem i tillegg til dei 7,34 milliardar kronene for Dombås - Ålesund.

Er så planane til Westermann realistiske? Vårt svar er at dei ikkje er det. Ikkje i dag - og ikkje så langt vi i dag kan sjå.

Når det blir vist til satsing på Kontinentet på høgfartsbaner og -tog, så må vi ikkje gløyme at vi der har ein langt annan folketettleik og transportbehov. Vi finn der også sprengde vegsystem og problem for lufttrafikken som følgje av stor trafikk (trengsel i luftrommet). Slike problem har vi ikkje i vårt land.

NSB sette for få år sidan i gang arbeid med planar for utvikling av høgfartsbaner i Norge. I den samanheng tok selskapet også til med arbeidet med å planleggje ei slik bane Dombås - Åndalsnes - Ålesund. Men dette arbeidet vart stoppa etter at politikken på dette feltet vart lagt om. NSB satsar no på krengetog. Desse toga vil kunne nytte dei noverande banetraseane utan vesentlege omleggingar av desse. Krengetoga vil kunne medføre ikkje uvesentleg kortare reisetid enn i dag.

Dei nye motorvognsetta, som er planlagt innført på Raumabanen frå 1999 av, vil bli utstyrt med krengesystem. Dei nye toga vil medføre kortare reisetid, betre komfort for dei reisande - og dei blir vesentleg billegare i drift enn dagens tog.

I den nyleg vedtekne samferdselsplanen gjev fylkestinget uttrykk for at det vil bli satsa sterkt på å oppretthalde eit godt tilbod på Raumabanen. Eit utval med representantar for NSB, fylkeskommunen, aktuelle kommunar, reiselivs- og rutebilnæringa er for tida i arbeid med sikte på å fremje tiltak for auka trafikk på Raumabanen.

Fylkesrådmannen ser det som lite realistisk for Møre og Romsdal fylkeskommune å arbeide vidare for å realisere ei jernbaneutbygging etter Jørg Westermann sine planar.

Dei samferdselspolitiske signal vi har fått går heilt klårt ut på at ei storsatsing på høgfartsbaner ikkje vil finne stad. Dette blir samfunnsøkonomisk enorme prosjekt som det ikkje er økonomisk grunnlag for. Regjeringa sitt nyleg framlagde langtidsprogram legg opp til satsing særleg på helse, omsorg og utdanning. I eit slikt perspektiv er også nybygging av jernbaner i stor skala urealistisk.


Med bakgrunn i det som er skrive framanfor rår vi fylkesutvalet til å gjere slikt
v e d t a k :